Leveringsplikt til bedriftskundar
Nettselskap har leveringsplikt til kundar som vert ståande utan gyldig kraftleveringskontrakt. Dette kan skje viss kraftleverandøren din legg ned si verksemd, vert ekskludert frå den norske sluttbrukarmarknaden, eller om din noverande kraftleverandør seier deg opp som kunde grunna til dømes misleghald. Etter energilova pliktar nettselskapet ditt å levere deg straum fram til du får teikna kraftleveringsavtale med ny kraftleverandør.
Nytt frå 01.01.07 er at kraftprisen nettselskapet kan ta for ei slik leveringspliktig leveranse er regulert med ein maksimalpris dei seks første vekene. I denne perioden kan nettselskapet maksimalt setje kraftprisen lik spotprisen på den nordiske kraftbørsen med eit påslag på opptil 5 øre/kWh, eksklusive avgifter. Etter desse seks første vekene kan nettselskapet fritt auke sin pris.
Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) oppfordrar alle som vert overført til leveringspliktig leveranse om snarast å velge ein kraftleverandør som leverer kraft i din kommune.
Konkurransetilsynet har ei prisoversikt på: http://www.konkurransetilsynet.no/no/Kraftpriser/ som syner kva kraftleverandørar som tilbyr kraft i din kommune.
NVE har meir informasjon om kraftmarknaden. Dette finn du på: http://nve.no/no/Kraftmarked/. Her finn du også informasjon om korleis du kan inngå ordinær kraftleveringsavtale med ein av kraftleverandørane i din kommune.