Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

El-tryggleik for privatkundar

Du er ansvarleg for at det elektriske utstyret og dei installasjonane du har i huset vert brukt rett og er i god stand. Er du usikker på om bustaden din har ein god nok el-tryggleik, ta kontakt med det lokale eltilsynet ved det lokale elverket, eller ein autorisert elektroinstallatør.

Enkle tiltak som betrar eltryggleiken:

  • Bruk ikkje lause lamper og frittståande varmeomnar på barnerom eller i rom der det er lause husdyr.

  • Tørk ikkje kle på elektriske omnar.

  • Slå av kokeplater etter bruk,  bruk tidsbrytar om du har lett for å gløyme.

  • Monter rikeleg med stikkontakter. Lause dobbeltkontakter og andre provisoriske løysingar gjev dårleg tryggleik.

  • Utfør ikkje arbeid sjølv som krev autoriserte fagfolk.

  • Bruk aldri sterkare lyspærer enn det lampa er berekna for.

  • Trekk ut støpselet på termostatstyrte elektriske apparat som ikkje er i bruk.

  • Er sikringar, koplingsboksar, støpsel eller brytarar unormalt varme, kan det tyde på overbelasting. Ta då kontakt med ein elektroinstallatør.

  • Gamalt elektrisk utstyr kan vere brannfarleg og bør kastast.


    For meir informasjon kan du gå inn på www.etrygg.no.   
Kontakt SFE Nett

Målaravlesing
  800 31 171

SFE Vakttelefon
  815 21 490

SFE Driftssentral
  57 88 47 29

Kundesenter
  57 88 47 47
  kundesenter@sfe.no