Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

Rett målaravlesing

Frå 2008 avreknar vi dei fleste kundane annankvar månad. Avlesingsdatoar er: 1. januar, 1. mars, 1. mai, 1. juli, 1. september og 1. november. Om du les av på desse datoene, slepp du å få store overraskingar på fakturaen. Ønskjer du i tillegg å sikre deg mot andre uforutsette overraskingar, kan du følgje våre råd i punkta under.


Kva bør du som kunde gjere for å få fakturaen mest mogleg korrekt?

Les av målaren så nær avlesingsdato som mogleg, og meld inn målaravlesinga til SFE. Du kan bruke internett, vår automatiske telefonsvarar, eller sende brev.

Brukar du internett eller telefon vil målaravlesinga verte registrert med den datoen den vert lagt inn på. Dersom det er same dato som er oppgjeven som avlesingsdato, vil ikkje vi måtte estimere eit forbruk. Er datoen ein annan vil datasystemet estimere eit forbruk fram eller tilbake til avlesingsdato.

Dersom du returnerer avlesingskort vil målarverdien verte registrert med den dato SFE mottek kortet, eller den dato du har registrert på kortet.

Rundt avlesingsdato vil det vere stor pågang på våre innsamlingssystem via telefon og internett, og vi gjer alt vi kan for at desse systema skal fungere heile døgnet. Dersom det likevel skulle vise seg at systema er nede når du prøver, ver venleg å prøve igjen seinare.

Gjer SFE noko for å kontrollere målaravlesingane?

Systemet med sjølvavlesing er basert på tillit. Alternativet er eit langt dyrare system som til sist må betalast av deg som kunde. Vi køyrer ein del kontrollar både på profil over året og storleik på forbruk. Finn vi avvik, sender vi brev om kontrollavlesing, eller vi dreg ut og les av målaren. Vi tek også stikkprøvekontrollar.

Kontakt SFE Nett

Målaravlesing
  800 31 171

SFE Vakttelefon
  815 21 490

SFE Driftssentral
  57 88 47 29

Kundesenter
  57 88 47 47
  kundesenter@sfe.no