Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

Informasjon om prisområde

21.05.2010

Kva er prisområde?

Noreg er delt inn i fem prisområde og prisen kan i periodar variere ein del øre mellom dei ulike. Per i dag er skilnaden ca 6 øre mellom billigaste og dyraste område. Det er straumbørsen Nord Pool som kvar dag set gjeldande pris i kvart område.  Kunden betaler prisen som til ein kvar tid er gjeldande der kunden bur.  Sjå her kva prisområde du høyrer til.

Kvifor prisområde?

Naturen i Noreg er ikkje bare fin å sjå på, den er også unik fordi den er perfekt for fornybar kraftproduksjon. Mengda med snø i fjella , nedbøren og de høge fossane er viktige element som gjør  at du har straum i stikkontakta di.

Men sjølv om vi er rike på kraft, er ikkje situasjonen optimal. Produksjonen skjer ikkje der i landet forbruket er størst, og vi må heile tida transportere krafta mellom ulike områder . I tillegg er nettet i Noreg gammalt og har dårleg kapasitet. Denne situasjonen gjer at vi må nytte ulike virkemidlar for å styre kraftflyten i Noreg. Dette er grunnen for at Statnett deler Noreg inn i prisområde. Dei regulerar prisen etter tilbod og etterspørsel i dei forskjellige områdane slik at krafta kjem dit den trengst. Slik får ein god kraftflyt og ein betre utnytta nettkapasitet.
Situasjonen som har vore i Noreg i år, med ekstremprisane i februar og ein ustabil kraftmarknad har gjort at Statnett auka frå tre til fem prisområde i mars. Dette gjorde til at nokre kundar ble flytta til nye prisområde.


print

Kontakt SFE Nett

Målaravlesing
  800 31 171

SFE Vakttelefon
  815 21 490

SFE Driftssentral
  57 88 47 29

Kundesenter
  57 88 47 47
  kundesenter@sfe.no