Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

132 kV Grov- Øyravatnet
 
 
SFE Nett har fått konsesjon på ei 132 kV- kraftlinje mellom Grov i Flora kommune og Øyravatnet i Askvoll kommune. Den 23 km lange linja erstattar dagens 66 kV-linje, og følgjer den gamle traseen med unntak av nokre endringar i Barlindbotten, Store Høydal og ved Øyravatnet.

Ved Øyravatnet er det gitt konsesjon til bygging av ny transformatorstasjon, denne kjem til å erstatte den gamle stasjonen i Nedre Markevatn. Det er også gitt løyve til oreigning for anlegga, men ein prøver å få til minnelege avtalar med grunneigarane. Den samla investeringa kjem til å koste kring 50 millionar kroner.

Grunnspørsmålet er no avklara gjennom at dei fleste grunneigarar har gått inn minneleg avtale med SFE Nett. Nokre få grunneigarar har ikkje gått inn avtale. Der har NVE gitt samtykke til førhandsovertaking av grunnen (sjå vedlegg), og rettsleg skjøn er kravd.

Anleggsarbeida startar 30. august med skogrydding frå Grov og sørover. Grunneigarane vert fortlaupande kontakta av skogryddarane etter kvart som arbeidet skrid fram.

Sjølve linjebygginga er venta å starte i oktober, og ein vil starte med parsellen Grov – Osstrupen. Arbeidet er rekna å vere ferdig i slutten av 2011.

Kontaktpersonar hos SFE Nett er:
Seniorrådgjevar Reidar Hope:
tlf 57 74 61 44/913 90 178, e-post: reidar.hope@sfe.no

Avdelingsleiar Gunnar Vassbotten:
tlf 57 74 61 41/906 33 858, e-post: gunnar.vassbotten@sfe.no

Kontakt SFE Nett

Målaravlesing
  800 31 171

SFE Vakttelefon
  815 21 490

SFE Driftssentral
  57 88 47 29

Kundesenter
  57 88 47 47
  kundesenter@sfe.no