132 kV Grov- Florø
SFE Nett har fått konsesjon på ei 132 kV- kraftlinje mellom Grov og Florø i Flora kommune. Prosjektet omfattar:
- Ny 132 kV kraftlinje mellom Grov og Brandsøy, som erstatter eksisterande 66 kV linje på same strekninga.
- Ny 132 kV sjøkabel over Brandsøysundet.
- Ny 132 kV jordkabel frå Brandsøy til Nybømarka i Florø, ca 5 km.
- Ny transformatorstasjon på Nybømarka i Florø, 132/22 kV, 60 MVA.
Plasseringa av transformatorstasjonen på Nybømarka er klaga inn til OED, slik at konsesjonen for prosjektet ikkje er rettskraftig. Det er også gitt oreigningsløyve for grunn til anlegg. Ein vil prøve å få til minnelege avtaler med grunneigarane, føresett at konsesjonen vert rettskraftig.
Anleggsstart vert bestemt når ankehandsaminga er ferdig. Den samla investeringa er venta å bli kring 70 millioner kroner.
Kontaktpersonar hos SFE Nett er:
Seniorrådgjevar Reidar Hope:
tlf 57 74 61 44/913 90 178, e-post: reidar.hope@sfe.no
Avdelingsleiar Gunnar Vassbotten:
tlf 57 74 61 41/906 33 858, e-post: gunnar.vassbotten@sfe.no