Kabelarbeid FV 548 Verpevika- Krokavegen
Arbeidet med kabelgrøft er starta opp som eit fellesprosjekt i lag med Flora kommune og vi viser til følgjande informasjon:
Informasjon om arbeid i fv. 548 Verpevika (Solheim) til kryss Krokavegen-Stenging pga. gravearbeid
SFE Nett AS arbeider med å forsterke el.forsyninga til Florø sentrum og skal i fellesskap med Flora kommune til med eit større gravearbeid i fv. 548 frå Verpevika og vestover til kryss med Krokavegen. Det skal på heile strekninga leggast ned nytt anlegg for vatn og avløp og nytt kabelanlegg. Arbeidet femner òg om grunnarbeid for framtidig ny gang- og sykkelveg på strekninga Verpevika til Solheimslia. Arbeidet vil føre til at vegen blir stengd for gjennomkøyring parsell for parsell, og entreprenør Audun Ramsdal AS har starta med
førebuande arbeid. Anleggsperioden vil vare ut året.
Nærare informasjon om vegstenging og trafikkavvikling/ruteendringar vil bli gjeve i eigen annonse i lokalavisene.