Overordna mål og strategiar

 

Visjon:

Kraft til å påverke framtida” er visjonen for SFE, og dette er ein felles visjon for konsernet og selskapa i konsernet.

Forretningsidé:

Selskapet sitt føremål er produksjon, omsetting og overføring av elektrisk energi, samt anna verksemd knytt til desse områda. Selskapet kan bygge ut anlegg, drive, kjøpe og selje anlegg og selskap i samband med dette.

Verksemda kan også drivast i samarbeid med eller ved deltaking i andre selskap med tilsvarande formål.

Selskapet kan også engasjere seg i andre forretningsområde og selskap når dette er eigna til å styrke hovudføremålet eller fører til rasjonell utnytting av selskapet sine ressursar.

Selskapet skal drivast på forretningsmessig basis med vekt på langsiktig verdiskaping for eigarane.

Overordna konsernmål og strategiar:
  1. Mellom dei beste på operativ drift av kjerneverksemdene.
  2. Oppnå lønsam vekst og utvikling av kjerneverksemdene.
  3. Sikre lokal eigarforankring og godt omdøme.
  4. Sikre vidare organisasjonsutvikling, godt HMS-resultat og kontinuerleg prosessforbetring.
  5. Sikre tilstrekkeleg kapital til prioriterte investeringar
Økonomiske mål:

SFE skal gjennom utbytte og verdiauke på selskapet gje eigarane ei konkurransedyktig langsiktig avkasting samanlikna med alternativ investering med tilsvarande risiko.

Målsetnaden er å innrette verksemdene i konsernet slik at SFE oppnår minimum BBB- som kredittrating hos dei store finansinstitusjonane.

SFE fører ein utbytepolitikk der 70% av konsernet sitt årsresultat vert utbetalt som utbytte (gjeld SFE sin del av konsernresultatet).

Sparetips

Luft rett