Konsernleiing

  Konstituert konsernsjef Asgeir Aase

Johannes Rauboti (f. 1958),
konsernsjef

Johannes Rauboti begynte i SFE i 2015. Han er sivilingeniør elkraftteknikk og har  pedagogisk utdanning for sivilingeniørar frå NTH. Han har også bedriftsøkonomistudiet frå BI i Porsgrunn. Johannes har lang erfaring frå kraftnæring og annan industri, og kom til SFE frå stillinga som adm. direktør i kraftprodusenten Vardar.

Okonomidirektor Martin Holvik 

Martin Holvik (f. 1966), 
konserndirektør økonomi og finans

Martin Holvik har utdanning som siviløkonom frå siviløkonomutdanningen i Bodø. Holvik har tidlegare mellom anna arbeidd i kommunerevisjonen i Nordfjord, og byrja i SFE i 1997.

Produksjonsdirektor Ola Lingaas 

Ola Lingaas (f. 1955),
konserndirektør produksjon

Ola Lingaas er utdanna Cand. Agric ved Norges Landbrukshøgskule (no Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet). Han byrja i SFE i 1987, og har vore leiar for produksjonsverksemda sidan før konsernet vart danna i 2003. Har tidlegare erfaring frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune.  

Konstituert nettdirektor Atle Isaksen 

Asgeir Aase (f. 1956),
konserndirektør nett

Asgeir Aase er utdanna ingeniør svakstrøm ved Gjøvik Ingeniørhøgskole og sivilingeniør energiteknikk/elkraft ved Norges Tekniske Høgskole (NTH). Han kom til SFE Nett i 2003 frå stillinga som nettsjef i Sunnfjord Energi, og har tidlegare vore rektor ved ingeniørhøgskulen i Førde.


 Kraftdirektør Bjarne Dybvik 

Bjarne Dybvik (f. 1955),
konserndirektør kraft

Bjarne Dybvik har tidlegare erfaring som konserndirektør i Bravida Norge, COO i Umoe IKT og frå ulike verksemder i Telenor. Han begynte i SFE i 2008, som leiar for konsernet si sluttbrukarverksemd.


 HR- og Organisasjonsansvarleg Ole Bent Soreide 

Ole Bent Søreide (f. 1961),
konserndirektør HR og organisasjon

Ole Bent Søreide byrja i 1992 i Firdakraft, som seinare vart ein del av SFE. Han har utdanning innan elektrofag frå Møre og Romsdal Ingeniørhøgskole, påbygging HMS/kvalitet og økonomi/administrasjon frå Horten Ingeniørskole/Tønsberg Maritime Høgskule, og i tillegg to Master of management-program innan leiing frå Handelshøgskulen BI.

 Kommunikasjonsdirektor Kai Petter Sarheim 

Kai Petter Sårheim (f. 1979),
konserndirektør merkevare og kommunikasjon

Kai Petter Sårheim byrja i SFE i 2010. Han er utdanna sivilmarknadsførar frå Norges Markedshøyskole (BI) og MSc i kommunikasjon og sosialpsykologi frå London School of Economics (LSE). Sårheim har fleire års erfaring frå kommunikasjons- og merkevarerådgjeving, men kom til SFE frå stillinga som informasjonssjef i Infratek. 

  

Erling Sande (f. 1978),
konserndirektør strategi og utvikling

Erling Sande byrja i SFE i 2014. Han har Cand.mag. frå Universitetet i Bergen (UiB) og leiarkurs gjennom Forsvarets Høgskule og Solstrandprogrammet (AFF/NHH). Sande har åtte års erfaring som Stortingsrepresentant, og var mellom anna leiar for energi- og miljøkomiteen frå 2009-2013.


Styre og konsernleiing

Sparetips

Skru heilt av eletriske apparat