Praktisk informasjon og påmelding, Kraft i Vest 2018

Meld deg på Kraft i Vest her

Kraft i Vest vert arrangert 27.-28. september på Sandane i Gloppen kommune i Nordfjord. Konferansen finn stad i kulturhuset Trivselshagen (sjå kart)  og lunsj og middag vert servert på Gloppen Hotell, som ligg fem minutters gangavstand i frå konferansesalen.

Prisar:

Konferanse begge dagar, inkludert lunsjar og festmiddag  Kr  4 640
Konferanse begge dagar, utan lunsjar og festmiddag  Kr  2 900
Konferanse torsdag u/ lunsj  Kr  1 800
Konferanse fredag u/ lunsj  Kr  1 600
Lunsj per dag  (varmmat og dessert)  Kr     295
Festmiddag (trerettar) med underhaldning av Ingebjørg Bratland  Kr  1 150
 Alle prisar er eks. mva  

Overnatting

Gloppen Hotell (enkeltrom 1 250,- / dobbeltrom 1 590) ligg fem minuttes gåavstand frå Trivselshagen. Det lønar seg å vere snar med å tinge hotellrom på Gloppen Hotell. Booking av hotellrom gjerast i påmeldingsskjemaet og betaling skjer ved utsjekk.

På Gloppen Camping kan du velje mellom ulike typer hytter og leiligheter til ulike prisar. OBS! Konferansedeltakarar  må sjølve ta direkte kontakt med Gloppen Camping på telefon 41 46 84 33 for å tinge overnatting her. Gloppen Camping ligg tre km frå konferansesalen og det vil bli set opp transport til campingen etter konferansen på torsdag og før festmiddag same dag. På fredag morgon set vi opp transport frå campingen til Gloppen Hotell slik at alle får servert frukost på hotellet. Overnatting på Gloppen Camping betalast ved utsjekk.

Thon Hotell Jølster (kr 1115 for enkeltrom) ligg på Skei, og vi set opp buss etter festmiddag torsdag kveld og til konferansesalen fredag morgon. Booking av hotellrom gjerast i påmeldingsskjemaet og betaling skjer ved utsjekk.

Ein kan og leige rom eller leilegheit i privatbustad nær konferansesalen. Vel du dette alternativet i påmeldingsskjemaet, tek vi kontakt med informasjon om kva vi har.

Ønskjer du å nytte bubil eller campingvogn? Vi har plassar fem minutters gåavstand frå konferansesal. Kryss av i påmeldingsskjemaet og vi tek kontakt med deg for meir opplysningar.

Gloppen Hotell ligg fem minutters gåavstand frå Trivselshagen, der konferansen foregår, og hotellet er plassen for lunsjar og festmiddag. Betaling for overnatting gjerast til hotellet ved utsjekk.


For deg som skal køyre til Sandane
Konferansen finn stad i Trivselshagen kulturhus rett ved Firda Vidaregåande skule. Følg skilt til "Kulturhus" og "Idrettshall/badeanlegg". Det er gratis parkering. Sjå kart over konferansesal, Gloppen Hotell og parkeringsplassar her.

For deg som kjem med fly
Send oss ein epost med flytidene dine, så skal vi ordne med transport til og fra Sandane Lufthamn Anda.

Påmelding
Gå til påmelding.

Sjå programmet her.

Kraft i Vest 27.-28. september 2018

Sparetips

Alternativ lysbruk