SFE Nett

Med ansvaret for eit straumnett med ei lengd som tilsvarar distansen mellom Sogn og Fjordane og Kairo i Egypt, og eit stadig veksande fibernett, har SFE Nett hand om ein viktig del av livsnerven som bind fylket saman.

Totalt har SFE Nett sitt straumnett ein utstrekning på over 4000 km. Deler av dette er eit regionalnett som strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Ørsta i nord, og som bind saman ulike regionar i store delar av Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg eig vi distribusjonsnettet, eller det lokale nettet, som forsyner rundt 23 000 kundar i SFE Nett sitt konsesjonsområde i kommunane Gloppen, Eid, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og delar av Naustdal.

SFE Nett har ei eiga entreprenøravdeling som utfører arbeid innan både kraftnett, veg/tunnellbelysning og teleanlegg.

På grunn av NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) sine krav til nettselskapas nøytralitet på internett, er tenester og meir informasjon frå nettverksemda å finne på SFE Nett sin eigen nettstad: www.sfenett.no

Visste du at SFE Nett...

  • har 23 000 nettkundar
  • eig over 4000 km nett...
  • ...og 1550 nett- og trafostasjonar
  • har distribusjonsnett i 7 kommunar
  • er 5. største eigar av regionalnett i Noreg
  • har 130 tilsette
Sparetips

Skru heilt av eletriske apparat