- Vestlandet: Mildaste vinter på 150 år!

Denne vinteren har vore heilt spesiell med uvanleg mildt vêr og store regionale skilnader i nedbør.  Det unormalt varme vêret vi har hatt skuldast at dei atmosfæriske strømmingane har pumpa store mengder varm luft nordover medan lågtrykka i større grad har levert nedbøren sin sør for Vestlandet. Mange stadar har dette gjeve nedbørsrekordar i form av regn og mykje snø.  

Meteorologisk Institutt kunne tidleg i mars melde om den varmaste Vestlandsvinteren sidan målingane starta for over 150 års sidan. Dette kombinert med lite nedbør gjer at vi knapt har snø  i Sogn og Fjordane. Jamt over har det vore tre til fem grader varmare enn normalt. Dette har gjort at elforbruket knytt til oppvarming har blitt betydelig redusert.  I Norge er forbruket redusert med nesten 5% i januar og februar samanlikna med 2013. Like eins er forbruket i resten av Norden redusert som følgje av milde temperaturar.  

Går vi eitt år tilbake opplevde vi ein uvanleg lang kuldeperiode på denne tida, og det kan vere interessant å spørje seg om dei bakanforliggande årsakene til det uvanlege vêret. Ei aktuell sak for tida er oppvarminga av Arktis og følgjene dette kan ha for klimaet. Blant anna meiner fleire som forskar på jetstraumar som går rundt den nordlege halvkula, at desse har endra seg og at vi truleg oftare vil oppleve lengre periodar med ekstremvêr i framtida.  Du kan lese meir om det i artikkelen «Warming Arctic May Be Causing Jet Stream To Lose Its Way».

Sparetips

Bruk tidsur