20 000 til veldedige føremål

SFE har også i år delteke på Framtidsfylket sine rekrutteringsmesser i Sogndal, Trondheim, Oslo og Bergen. Tematikken på årets messer var samfunnsansvar, og SFE stilte med ein "veldedigheitsquiz" der vinnarane av quizen fekk 5000 kr - til eit sjølvvalt veldedig føremål.

Fire ulike organisasjonar fekk seg ei fin overrasking. Her er vinnarane:

I Sogndal gav Gislaug Sagerøy 5000 kr til Plan Norge.
I Trondheim gav Fredrik Eikum Solberg 5000 kr til Redd Barna.
I Oslo gav Caroline With Bjørnstad 5000 kr til Leger Uten Grenser.
I Bergen gav Ida Bruågdal 5000 kr til Ingeniører Uten Grenser.

Vi gratulerer til vinnarane og organisasjonane og takkar alle som deltok i quizen vår.



På biletet: Magnus Frydnes, leiar av Redd Barna sitt lokallag i Bergen, tek i mot gåvesjekken på kr. 5000 frå Arnfinn Brekke i SFE.

Sparetips

Skru heilt av eletriske apparat