220 på Kraft i Vest

SFE arrangerte denne veka energikonferansen Kraft i Vest på Sandane. – Denne konferansen er ein viktig arena for å planlegge framtida til Vestlandet, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid.

Med eit tett program og  med føredragshaldarar mellom anna frå politikken, kraftbransjen lokalt, nasjonalt og utanlands vart det eit variert program med høgaktuelle tema. Kraft i Vest freista 220 deltakare frå heile Noreg.

- Vi er svært nøgde med ei slik oppslutning på SFE sin aller første bransjekonferanse, noko som gjorde at vi måtte flytte første dagen til Trivselshagen for å få plass til alle. Det var ein draum som vart sann, og vi må nok prøve å gjenta suksessen neste år -seier ein stolt konsernsjef, Terje Gjengedal.

Konferansen tok føre seg høgaktuelle tema for Sogn og Fjordane og energisatsinga ein her står framfor.

Respekt, samarbeid og effektiv gjennomføring
Konserndirektør i Statnett Håkon Borgen sitt innlegg om korleis ein skal sikre gjennomføring av nettprosjekt i god dialog med lokalmiljø, var meir aktuelt ein nokon gong. Torsdag blei det klart at Statnett fekk tilgang til eigedomane som var naudsynt for arbeidet i Myklebustdalen i Ålfoten. Dette er ein del av den nye leidningen mellom Ørskog og Sogndal. Borgen  la ikkje skjul på at prosessen i Ålfoten har vore krevjande for alle partar. Samstundes var han klar på at vi treng eit robust og miljøtilpassa sentralnett og at ein må ha fokus på respekt og samarbeid for å sikre ei effektiv og trygg gjennomføring.

Skal Vestlandet betale?
Asgeir Aase, administrerande direktør i SFE Nett stilte spørsmål om nettleigeordninga er tilpassa fornybarmåla til Noreg. - Er det er rett at Sogn og Fjordane spesielt skal ta kostnadane for det nye nettet som må byggjast for å realisere ei nasjonal satsing på ny, fornybar kraftproduksjon , spurde Aase. Ein stor del av omkostningane er i dag betalt av uttakskundane.  SFE ønskjer at nettleiga skal utjamnast i Noreg og at ikkje fornybarområda skal verte straffa for at det er her potensialet for ny fornybar energi er størst. Aase meinte at ein ny fordelingsordning må på plass for at det skal verte rettferdig.

Treng endra vilkår
Vilkåra for kraftproduksjon var eit anna tema som prega konferansen, og her var mellom anna styreleiar i Småkraftforeninga Trond Ryslett  klar på at dagens regelverk ikkje fungerer for dei.

– Skattelegginga av småkraftverka er ikkje rettferdig, sa han. I tillegg var det brei semje om at ein sakna ein langsiktig og heilskapleg energipolitikk og at vilkåra ein operera i ikkje er optimal for næringa. – Det nyttar ikkje å stimulere til auka fornybar produksjon med grøne sertifikat når ikkje nettet er på plass, sa Oluf Ulseth, administrerande direktør i Energi Norge.

Siri Meling, stortingsrepresentant for Høyre var invitert til konferansen for å seie noko om kva den nye regjeringa ville gjøre for energibransjen framover. Det var ikkje mykje ho kunne røpe, midt i regjeringsforhandlingane, men ho var klar på at den raudgrøne regjeringa ikkje hadde gjort det lett for kraftnæringa. Ho meinte at endringar i rammevilkåra må til for å betre situasjonen for kraftselskapa slik at dei kan planlegge og gjennomføre prosjekt meir effektivt.

Med lokalmat på menyen
Matamål, den årlege matfestivalen på Sandane som arrangerast i helga,  la en flott råme rundt konferansen. Deltakarane fekk servert lokal mat frå Gloppen Hotell til alle måltid, med lam frå Gloppen til lunsj, ein rik lokal festbuffet til middag og heimebaka ølbrød til frukost.

Sparetips

Bruk tidsur