81 mill. i førebels årsresultat

Den førebelse årsrekneskapen for Sogn og Fjordane Energi (SFE) viser eit resultat etter skatt for 2012 på 81 millionar, noko som er 71 millionar betre enn resultatet for 2011.

Etter eit 2011-resultat som var prega av høge kostnader i forbindelse med ekstremvêret Dagmar, leverer SFE for 2012 eit resultat etter skatt som er 71 millionar kroner betre enn året før. Driftsinntektene enda på 1,16 milliardar kroner, ein nedgang på 226 millionar kroner.

- Låge kraftprisar gjennom året førte til reduserte inntekter frå kraftproduksjonen. Samstundes fekk nettverksemda tildelt ei høgare inntektsramme frå myndigheitene, grunna låg avkastning føregåande år. Det er nok desse to forholda som forklarar det meste av inntekts- og resultatutviklinga i 2012, seier konsernsjef Terje Gjengedal.

Reduserte produksjonsinntekter
Mykje nedbør og god magasinfylling gjorde sitt til at konsernet sin kraftproduksjon enda på 2189 GWh i 2012, noko som er seks prosent høgare enn konsernet sin normalproduksjon. Men ein gjennomsnittleg systempris som var meir enn 13 øre lågare enn året før, reduserte SFE sine inntekter frå kraftproduksjonen i 2012.

- Med vår produksjonsmengd merkar vi det godt på både inntektene og resultatet når kraftprisen i marknaden endrar seg. Samstundes betyr lågare kraftprisar lågare grunnrenteskatt, noko som bidreg positivt til botnlinja vår, seier Gjengedal.

For verksemda SFE Kraft, som sel straum til sluttkundar, vart det ein nedgong i salsvolumet på ni prosent. Ein større industrikunde som skalerte ned verksemda si var ei viktig årsak til dette.

Auka inntektsramme for nettverksemda
Store kostnader knytt til ekstremvêret Dagmar, kombinert med kraftig redusert inntektsramme frå myndigheitene, var hovudårsaka til eit svakt resultatbidrag frå nettverksemda SFE Nett i 2011. Dette gjorde også sitt til at SFE Nett kom under den myndigheitsbestemte minsteavkastninga. Myndigheitene har derfor kompensert SFE Nett i 2012 med ei auka inntektsramme, noko som bidreg positivt til konsernet sitt resultat for året.

Det er viktig med positive resultat i lys av dei omfattande planane for oppgradering av linjenettet dei komande åra, påpeikar Gjengedal.

- Vi investerer om lag 150 millionar kvart år dei neste åra for å styrke kapasiteten i linjenettet og sikre forsyningstryggleiken. Derfor er det viktig med gode og mest mogleg føreseielege resultat frå nettverksemda, seier han.

Nøkkeltal for 2012

Mill. kr.

2012
(førebels)

2011

Endring

Driftsinntekter

1 160

1 386

- 226

Driftsresultat

323

275

+ 48

Resultat før skatt

204

164

+ 40

Resultat etter skatt

81

10

+ 71

 

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Sats på fleire varmekjelder