Asgeir Aase konstituert som konsernsjef

I januar informerte Terje Gjengedal konsernstyret om at han ønskte å fråtre stillinga som konsernsjef.  Gjengedal sa seg disponibel for styret fram til 1. mai, men har no avklart med styret å fråtre stillinga som konsernsjef frå 1. februar. Nettdirektør Asgeir Aase er konstituert i stillinga fram til ny konsernsjef er på plass.

– Eg sa meg villig til å vere disponibel for styret ut oppseiingstida, men synest i utgangspunktet ikkje ein konsernsjef på oppseiing bør sitje lenger enn det som er nødvendig for å sikre kontinuitet og progresjon i oppgåvene. Asgeir var konstituert som konsernsjef i ein periode før eg vart tilsett i stillinga, og eg ser at det skal gå veldig fint å gje frå seg stafettpinnen allereie no. Eg har derfor bedt styreleiar om å bli fråteken frå mine plikter. Eg har hatt to veldig fine år som konsernsjef i SFE. Det er ein organisasjon med svært mykje god og viktig kompetanse, og eg har stor tru på framtida for konsernet. Det blir spennande å følgje med på den vidare utviklinga, seier Gjengedal.

Sparetips

Alternativ lysbruk