Avtale om å byte kraftverk

Oslo/Sandane, 25. september 2013; Statkraft Energi og Sogn og Fjordane Energi er blitt samde om å byte kraftverk. Selskapa ønskjer å rydde i krysseigarskap for å skape enklare og meir effektiv drift. Bytehandelen er avhengig av at fleire føresetnader fell på plass.

Ein bytehandel vil innebere at Statkraft Energi sel kraftverka Svelgen I og II til Sogn og Fjordane Energi / Svelgen Kraft, medan Sogn og Fjordane Energi sel sin medeigarrett på 35 prosent i Leirdøla kraftverk til Statkraft Energi.

Svelgen Kraft leiger frå Statkraft og driftar kraftverka Svelgen I og II fram til 31.12.2030, samstundes som selskapet eig kraftverka Svelgen III og IV. Ved ein bytehandel vil ein få samla eigarskap til alle kraftverka i Svelgen.

Statkraft Energi eig og driv Leirdøla kraftverk i dag, medan SFE har ein medeigarrett på 35 % av kraftverket sin produksjonsevne. Statkraft Energi oppnår såleis å motta 100 % av dei framtidige inntektene frå kraftverket når medeigarretten vert overtatt gjennom denne bytehandelen.

I bytehandelen er eigarandelen på Leirdøla kraftverk verdsett til 613 mill kroner medan Svelgen I og II vert verdsett til 541 mill kroner. Handelen vil såleis medføre ei overføring av eit nettobeløp til Sogn og Fjordane Energi på 72 mill kroner i tillegg til endring av eigedomsretten til dei aktuelle kraftverka.

Det er fleire føresetnader som må falle på plass før bytehandelen endeleg kan gjennomførast.  NVE, OED og Konkurransetilsynet må ta stilling til handelen. Bremanger kommune har rettar knytte til Statkraft sitt utbytte frå Svelgen I og II som må avklarast,  og det er også uavklarte skattemessige forhold som skattestyresmaktene må ta stilling til før gjennomføring. Avtalen er heller ikkje endeleg styrehandsama i dei deltagande selskapa.

For nærare informasjon kan ein ta kontakt med:
Terje Gjengedal, konsernsjef i SFE, tlf. 911 78 799 / terje.gjengedal@sfe.no

 

Sparetips

Vask fulle maskiner