Betre resultat i SFE

Årsrekneskapen for Sogn og Fjordane Energi (SFE) viser eit resultat etter skatt for 2013 på 134 millionar, noko som er 53 millionar betre enn resultatet for 2012. Dei offentlege eigarane får 101 millionar kroner i utbytte.

2013-rekneskapen til Sogn og Fjordane Energi syner driftsinntekter på nær 1,4 milliardar kroner, om lag 200 millionar kroner meir enn året før. Driftsresultatet auka med 95 millionar kroner til 418 millionar, mens resultatet etter skatt enda på 134 millionar kroner.

- Vi er sjølvsagt tilfreds med å oppnå eit av våre beste resultat nokosinne. Eit godt resultat skapar eit godt fundament for å få gjennomført dei store planane vi har for nettutbygging og ny kraftproduksjon. Det betyr også at vi kan betale ut vel 100 millionar til våre offentlege eigarar, seier konsernsjef i SFE, Terje Gjengedal.

Store svingingar i nettinntekt
På tross av redusert produksjonsmengd, frå 2189 til 1998 GWh, fekk SFE si produksjonsverksemd eit godt driftsresultat på 268 millionar kroner i 2014. Når det gjeld sal av straum til kundar vart det også ein liten reduksjon i salsvolumet.

Den største resultatauken skriv seg til nettverksemda. Det er styresmaktene (NVE) som avgjer kor mykje eit nettselskap kan krevje inn i nettleige, ut frå ei sokalla inntektsramme. Denne ramma varierer frå år til år, og blir fastsett slik at inntekta over tid skal dekke kostnadane til drift og avskriving av nettet, og i tillegg gje ei rimeleg avkastning på investert kapital under føresetnad av effektiv drift og utvikling av nettet. Denne inntektsramma blir delvis bestemt ut frå selskapet sitt kostnadsnivå to år tilbake i tid. I 2011 opplevde nettselskapet ein kraftig auke i pensjonsforpliktingar, høge driftskostnader som følgje av orkanen Dagmar, og dermed eit større negativt driftsresultat. Det er dette styresmaktene har delvis kompensert for i 2013.

- Det er uheldig at rammevilkåra for nettselskapet er slik at det gir store svingingar i inntekter. Med tanke på dei store investeringane i infrastruktur i åra som kjem, burde denne type verksemd gje ei stabil og føreseieleg avkastning frå år til år. Men vi er ikkje åleine om dette, då dei aller fleste nettselskap hadde eit godt år i fjor, mykje grunna eit dårleg 2011, seier Gjengedal.

Svakare utsikter
Til tross for eit svært godt 2013-resultat, er utsiktene for inneverande år svakare. Ved inngangen til 2014 hadde SFE sine vassmagasin rett nok ei fyllingsgrad på 80%, noko som er høgare enn normalt.

Men med ei mindre snømengd i fjella enn det som er normalt, er det venta at produksjonsselskapet vil produsere mindre kraft enn den gjennomsnittlege årlege produksjonsmengda på 2 065 GWh.

- Mindre produksjon, lågare marknadsprisar på kraft, og ei lågare inntektsramme for nettselskapet, fører til at vi ikkje kan vente oss eit like godt resultat for 2014, seier Gjengedal.

101 millionar i utbytte
Med utgangspunkt i resultatet tilrår konsernstyret eit samla utbyte på 101 millionar kroner til eigarane, som består av sju lokale eigarkommunar, Sogn og Fjordane fylkeskommune og BKK. Totalt har konsernet betalt ut ein milliard kroner i utbytte i perioden 2003-2013, inkludert eit større ekstraordinært utbytte i 2007.

- Vi veit at utbytte frå SFE er viktig for våre offentlege eigarar, enten det går til finansiering av skule, omsorg eller infrastruktur. Det gjer det ekstra hyggeleg å annonsere det høgste ordinære utbyttet nokon gong, seier Gjengedal.

I tillegg kan Gjengedal opplyse at ytterlegare verdiskaping for vertskommunane i form av konsesjonskraft, konsesjonsavgift, naturressursskatt og eigedomsskatt var på rundt 85 millionar kroner i 2013.

I tabell under er det vist fordeling av utbytte per eigar:

Eigar Eigardel Forventa utbytte (mill. kr)
Sogn og Fjordane Fylkeskommune 48,15% 48,4
BKK 38,54% 38,8
Flora kommune 4,51% 4,5
Gloppen kommune/Gloppen Energi 3,36% 3,4
Bremanger kommune 2,40% 2,4
Askvoll kommune 1,44% 1,5
Selje kommune 1,39% 1,4
Eid kommune 0,14% 0,1
Naustdal kommune 0,07% 0,07
SUM 100% 100.587


I tabellen under er nøkkeltall for 2013 med endring frå 2012 (mill. kr):

Nøkkeltall 2013 2012 Endring
Driftsinntekter 1 376 1 160 216
Driftsresultat 418 323 95
Resultat før skatt 304 204 100
Resultat etter skatt 134 81 53

For meir informasjon, ver vennleg å kontakte:
Terje Gjengedal, konsernsjef: 91 17 87 99  terje.gjengedal@sfe.no eller
Martin Holvik, økonomidirektør: 91 69 52 34  martin.holvik@sfe.no 

Sparetips

Følg med på energibruken