Budd på eventuell flaum

SFE har fått løyve frå NVE til å fråvike reguleringsreglementet for Breimsvassdraget, og redusere vasstanden i Breimsvatnet i ein periode framover. Dette for å bu seg på eventuelle flaumsituasjonar og redusere faren for flaumskader, i lys av ein uvanleg våt periode kombinert med store snømengder i fjellet. Tillatinga gjeld i første omgang fram til 15. juli.

Vi kan ikkje utelukke at det kan bli flaum i vassdraget sjølv om Breimsvatnet blir tappa meir ned enn reglementet vanlegvis opnar for. Med sitt tronge utløp er dette vassdraget spesielt utsett for store vassmengder.

Sparetips

Alternativ lysbruk