Velkomen til Kraft i Vest

For femte år på rad har vi gleda av å ønskje deg velkomen til Kraft i Vest 28. og 29. september på Sandane. Dette er konferansen der energibransjen og anna næringsliv, politikarar, myndigheiter, akademia og andre møtast for å lære om og diskutere dei mest aktuelle tema innan energifeltet.

Vi har i år sett saman eit variert og spenande program der du mellom anna får høyre PST-sjef Marie Benedicte Bjørnland snakke om det auka trusselbiletet, NVE-direktør Per Sanderud fortel om korleis vi har auka beredskapen og Torgeir Waterhouse stiller spørsmålet om næringslivet er budd på den digitale revolusjon. NHO-presidenten Arvid Moss gir oss næringslivets forventingar etter stortingsvalet og statssekretær Elnar Remi Holmen (FrP) deler partiets politiske vsjonar. Spesialrådgjevar i FN opnar konferansen med perspektivet "ei verd i endring". Sjå programmet her.

Med oss på laget i arrangementet har vi Gloppen Hotell, som syter for den gode stemninga og nydeleg lokalmat.

Kraft i Vest vert arrangert i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet. Konferansen skjer samstundes som Sogn og Fjordane si lokale matmesse Matamål på Sandane, og vi byr på kortreiste delikatesser både til lunsj og middag.

Håpar vi sjåast på Sandane 28. og 29. september!

Her kan du sjå programmet for Kraft i Vest 2017.

Sjå tidlegare program:
Kraft i Vest 2016
Kraft i Vest 2015
Kraft i Vest 2014
Kraft i Vest 2013

 


Her kan du høyre kva nokre av tidlegare deltakarar tykte om Kraft i Vest.

Kraft i Vest 28.-29. september 2017

Sparetips

Skru heilt av eletriske apparat