Ekstraordinært årsresultat for SFE

Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin årsrekneskap for 2014 syner eit resultat etter skatt på 419 millionar. Ein gevinst frå sal av SFE sin eigardel i kraftverk i Luster og nedskriving på kraftverk i Svelgen set sitt preg på resultatet. Eigarane kan vente seg eit utbytte på 77 millionar.

2014 var eit år prega av låge kraftprisar. Den gjennomsnittlege straumprisen på straumbørsen Nordpool synte ein nedgang på om lag 5 øre/kWh frå året før, noko som bidrog til lågare inntekter for SFE. Likevel leverer konsernet eit resultat etter skatt på 419 millionar kroner, noko som er 285 millionar kroner høgare enn for 2013. Ein større salsvinst etter sal av kraftproduksjon i Luster er årsaka til det sterke resultatet, som kjem trass i ei større nedskriving på kraftproduksjon i Svelgen. 

Sjølv om årsresultatet er godt, er konstituert konsernsjef Asgeir Aase meir oppteken av dei underliggande resultata.

– Fordi det er ekstraordinære postar som forklarar dei store endringane, så ser vi mest på resultatet frå den ordinære drifta, sidan det er desse tala som gjev best inntrykk av året under eitt. Som resten av næringa fekk vi ein lågare pris for krafta vår, hovudsakleg som følgje av mykje produksjon og flaskehalsar i nettet. Samstundes bidrog reduserte skattekostnader til ei lita forbetring av det ordinære resultatet etter skatt. Dette vart 103 millionar kroner i 2014, ein auke på 11 millionar frå året før, seier Aase.

77 millionar til offentlege eigarar

Med utgangspunkt i resultatet, korrigert for ekstraordinære forhold, og gjeldande utbyttepolitikk for konsernet tilrår styret eit samla utbyte på 77 millionar kroner til eigarane, som består av sju lokale eigarkommunar, Sogn og Fjordane fylkeskommune og BKK.

– Styret i SFE har vedteke at det er det ordinære resultatet etter skatt som skal utgjere utbytegrunnlaget for 2014, og at dei ekstraordinære postane ikkje gir grunnlag for utbyte. Grunnen til dette er at store delar av salssummen for Leirdøla kraftverk har gått med til å betale for kjøp av Svelgen I og II, samstundes som Svelgen I skal rehabiliterast for om lag 100 millionar kroner. I tillegg står konsernet framfor store investeringar i både kraftproduksjon og linjenett i åra som kjem, seier styreleiar Per Atle Kjøllesdal.

Bakgrunnsinformasjon: Dei ekstraordinære postane og nøkkeltal

Salsvinsten frå Leirdøla kraftverk: Hausten 2013 inngjekk SFE og Svelgen Kraft ei avtale med Statkraft om at SFE skulle selje sin 35% eigardel av Leirdøla kraftverk i Luster til Statkraft, mot at Svelgen Kraft skulle kjøpe kraftverka Svelgen I og II frå Statkraft. Svelgen Kraft er eigd 56% av SFE, 34% av Tafjord og 10% av Sognekraft. Medan SFE sin eigardel i Leirdøla utgjorde 174 GWh middelproduksjon, er tilsvarande produksjonsvolum i Svelgen I og II 260 GWh.

Salet av medeigardelen av Leirdøla kraftverk gav SFE ein rekneskapsmessig salsgevinst på 507 millionar kroner. Leirdøla kraftverk hadde ein lågare bokført verdi i våre rekneskap enn den verkelege verdien, slik det gjerne er med eldre kraftverk. Salet til Statkraft realiserte dei verkelege verdiane.

Nedskrivinga på kraftproduksjon i Svelgen: Medan salet av kraftproduksjonen i Luster slo svært positivt inn på halvårsresultatet, bidreg ein rekneskapsmessig nedskriving på kraftverka Svelgen III og IV til å redusere resultatet med 200 millionar kroner. Dette er kraftproduksjon som kom tilbake til lokale eigarar etter at SFE, Tafjord og Sognekraft gjennom Svelgen Kraft inngjekk avtale om å kjøpe kraftverka frå Elkem i 2009  for 1,7 milliardar kroner. Sidan den tid har straumprisen falle markant, og dette er grunnen til nedskrivinga.  –Vi er nøydde til å kontinuerleg vurdere den reelle verdien på kraftverka våre, og gjere nedskrivingar når realitetane tilseier at det er rett, seier Aase.

Nøkkeltal (mill. kr.):        

2014:

2013:

Driftsinntekter                           

1 620

1 315

Driftsresultat

   624

   358

Resultat før skatt

   525

   247

Resultat etter skatt

   419

     92

Sparetips

Alternativ lysbruk