Ekstremvêret Tor, straumbrot og varsling

Ekstremvêret Tor er venta innover kysten av Sogn og Fjordane i ettermiddag, med vindkast på 40-50 m/s. Ved slike ekstreme vindstyrkar bør ein vere budde på straumbrot, og SFE Nett er i beredskap.

Vi kjem til å varsle straumbrot undervegs på heimesida til SFE Nett. Klikk her for å gå til varsling om straumbrot

Dette er manuell varsling, så det kan ta litt tid før straumbrotet du opplever blir registrert her. Vi benyttar også sms så langt det let seg gjere. Har du ikkje regi...strert mobilnummer hos oss kan du gjere dette på http://www.sfenett.no/, under «Mi side» oppe til høgre. Du kan også ta kontakt med kundesenteret vårt på kundesenter@sfenett.no. Hugs å skrive namn på den i husstanden som står oppført som kunde.

Ser du feil eller skader i nettet som følgje av uvêret, ta kontakt på SFE Nett sin feilmeldingstelefon: 57 88 48 00.

NB: DET KAN VERE LIVSFARLEG Å VERE I KONTAKT MED LEIDNINGAR SOM HAR FALLE NED, ELLER TRE ELLER ANNA SOM ER I KONTAKT MED DESSE.

Sparetips

Luft rett