Informasjon til kundar i Selje, Vågsøy og delar av Eid

Frå 10. februar vart de flytta frå prisområde Vest-Noreg (NO5) til Midt-Noreg (NO3). Endringa gjeld også kundar i Eid som tidlegare har vore i prisområde NO5. Dette er ei midlertidig flytting grunna ombygging og forsterking av hovudnettet. Endringa vil gjelde ut året.

Straummarknaden i Noreg er delt opp i fem prisområder. Fordi det er begrensingar i overføringa (kraftnettet) mellom områda, vil det oppstå små prisskilnader mellom dei. Kva område som har lågast pris vil variere til ei kvar tid. Les meir om prisane i dei ulike områda her.

Sidan denne endringa gjeld frå 10. februar vil målarstanden stipulerast der vi ikkje har nyare avlesing frå kunden.

Om du har spørsmål knytt til dette kan du kontakte kundesenteret vårt på tlf. 57 88 47 47 eller e-post: kundesenter@sfenett.no

Sparetips

Alternativ lysbruk