Bli med på NHO sin årskonferanse

Store naturressursar har vore utgangspunkt for vekst og verdiskaping i Norge. Kombinert med høgt kompetansenivå og ein omfattande teknologiutvikling har denne veksten gitt Norge rikdom og eit høgt velferdsnivå. Energibransjane vil også framover spille ein nøkkelrolle i verdiskaping i Norge.

Med ei rik og spennande liste over foredragshaldarar, tek NHO sin årskonferansen på Nordfjordeid 20. mars opp spørsmål som: Kordan kan vi i Norge, med utgangspunkt i våre store energi- og naturressursar, vår kompetanse og teknologi, bidra til å utvikle og forvalte desse til det beste for oss og andre. Korleis kan desse ressursane, saman med ny kunnskap og teknologi, fortsatt bidra til arbeidsplassar og verdiskaping? Korleis kan Norge & Sogn og Fjordane, i samspel med Europa, bidra til gode klima- og energiløysingar?

SFE sin konsernsjef Terje Gjengedal vil halde eit innlegg på konferansen. I tillegg møter du mellom andre president i NHO Heine Wang, adm. dir i Energi Norge Oluf Ulseth,
adm. dir i Kaffehuset Friele Olav Munch, Landsskald frå fjellet Pål K. Medhus,
leiar av Innovasjon Norge Indonesia Ole S. Eikum, gode bedriftscase samt mange fleire.


Sparetips

Følg med på energibruken