Energihelg 10.-11. mai

SFE inviterer til energihelg i lag med Nordfjord Folkemuseum og Firda vidaregåande skule. Velkommen til energirike opplevingar på Sandane laurdag 10. og søndag 11. mai!

Laurdag: Natursti langs Gloppeelva
Ein flott trimtur på totalt fem km der du vel om du vil gå, sykle, trille barnevogn etc. Undervegs kan du bryne deg på energirelaterte postar, lære om Evebøfoss Ullvarefabrikk og kjøpe mat laga på bål. Du kan gå heile eller delar av løypa. Kraftstasjonane i Gloppeelva er opne for omvising. Alle som går får deltakarpremie, og du som går i 6.-10. klasse kan vinne klassetur til VilVite-senteret i Bergen.

Start: Trysilfossen kraftverk (nedanfor Ryssdalsbrua) eller Evebøfossen kraftverk
(nedanfor brua på Søreide). Parkering av bil ved kraftstasjonane. Løypa er ope frå kl. 12-16.

Søndag: Energikamp på Nordfjord Folkemuseum ("Jølet")
Søndag er Energikampen den store aktiviteten. Dette er ei aktivitetsløype med fysiske utfordringar og spennande oppgåver. Du deltar i gruppe med dei du ønskjer, her kan venner og familiemedlemmer i alle aldrar vere med. Delar av løypa er tilpassa rullestol. Alle som går får deltakarpremie, og du som går i 6.-10 klasse kan vinne klassetur til VilVite-senteret i Bergen.

Program
Kl. 12-16: Energikampen
Kl. 12-15: Newtonrommet (Firda vgs), prøv deg på forsøk med energi!
Kl. 12-16: Vasskraftutstilling i Frislidlada
Kl. 13, 14 og 15: Kverna går, vi malar mjøl
Kl. 14: Omvising i vasskraftanlegget, start ved kverna
Kl. 15: «Skuletime» i Newtonrommet med konsernsjef i SFE, Terje Gjengedal: 
           «Kraft – kort fortalt»

Sal av mat og kaffi på museet.

Velkommen til energirike opplevingar laurdag og søndag!

Les meir om

Sparetips

Luft rett