Klassetur til VilVite-senteret

Går du i 6.-10.-klasse ved ein skule i Sogn og Fjordane? Da kan du bli den heldige vinnaren av ein tur til Bergen og VilVite-senteret i lag med klassa di. Alt du treng å gjere for å delta i trekninga er å vere med på aktivitetane på Energihelga 10. og 11. mai.

VilVite-senteret er ein plass der barn og unge lærer teknologi, naturvitenskap og realfag på ein inspirerande måte gjennom spennande aktivitetar. Les meir om VilVite-senteret her. Det er SFE som er sponsor av den flotte klassepremien.

Reglane for konkurransen er slik: For å verte med i trekninga må du ha gjennomført naturstien og/eller energikampen. Fullfører du begge, får du to "lodd" med i trekninga. Ein person kan berre gjennomføre den samme aktiviteten (natursti/energikamp) ein gong. Når ein registrerer seg ved start, fører ein opp kva klasse ein går for. Vi trekk ut ein samla vinnar av totalt alle som deltar på naturstien laurdag og energikampen søndag. Maks lodd med i trekninga per klasse er 20. SFE sponsar reise, opphald og inngang på VilVite-senteret for den klassa som vert trekt ut.

Skulen må sjølve stå for den praktiske planlegginga (i samråd med SFE) og må sjølve stille med personale på turen. Turen er tenkt gjennomført på hausten 2014, men dersom 7. eller 10. klasse vinner, vil turen måtte gjennomførast i juni 2014. Spørsmål om konkurransen? Kontakt Jannicke Lindvik. Lukke til!

Sparetips

Luft rett