Fare ved ferdsel på regulert vatn

19.03.13

Når vi no går inn i seinvinter og påsketid, er det fleire av oss som går turar i fjellet. Ferdsel på vatn, både regulerte og uregulerte, må på denne tida av året gjerast med stor varsemd. Regulerte vatn har ofte eit endra straummønster, noko som gjer delar av isen utrygg heile vinteren. Problemområde er der vatnet tas inn i driftstunell (inntak), i strandsona på regulerte vatn, ved damkonstruksjonar og elvar/vasstrengar der vassføringa er ujamn.

NVE arbeider no med portalen www.varsom.no, der naturfarar i Norge skal varslast. SFE har vore med i dette arbeidet, og faren knytt til is på våre reguleringsmagasin er registrert i deira kartsystem. Basen oppdaterast kontinuerleg av nasjonale varslingstenester, men også «vanlege» brukarar som deg og meg kan gjennom tenesta regObs (www.regobs.no) registrere naturfarerelatere observasjonar i systemet. Applikasjonen regObs kan lastast ned på android- og iOS-plattformane for lett registrering via mobiltelefon.

Vi i SFE vil oppmode alle til å vere med på denne dugnaden for å gjere ferdsle i norsk natur så trygg som mogleg.

Sparetips

Bruk tidsur