Frå Stortinget til SFE

Tidlegare leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Erling Sande, tek til i Sogn og Fjordane Energi (SFE) som konserndirektør for strategi og utvikling. – Å få arbeide i eit flott konsern, i ein  så viktig bransje og ikkje minst i særs spennande tider for energisektoren var ei moglegheit eg måtte gripe, seier Sande.

Etter åtte år på Stortinget vart Erling Sande takka av som stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane tidlegare i haust. Sande har sidan 2007 vore medlem av energi- og miljøkomiteen, der han var leiar dei siste fire åra. No tek Sande til i stillinga som konserndirektør for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane Energi. Konsernsjef Terje Gjengedal i SFE er svært nøgd med å få Sande på laget.

- Vi står framfor nokre spennande år i kraftnæringa, med omfattande investeringar og rammevilkår i stadig endring. Erling har sterk kunnskap om energifeltet, kjenner bransjen godt og har solid innsikt i politiske prosessar. Dette er ein kombinasjon som er ganske unik, og med Erling på laget står vi endå betre rusta i åra som kjem, seier Gjengedal.

Sande varsla allereie i fjor at han ikkje ville ta attval ved Stortingsvalet i haust. Etter nokre månader på Forsvarets sjefskurs, har han no avslutta pendlartilværet og bur fast i Gloppen saman med kone og to born. Han tek til i stillinga i midten av desember.

- Eg har vore i dialog med fleire spennande verksemder, men ønskte å vente til stortingsperioden formelt var over før eg tok ei endeleg avgjerd. SFE har markert seg svært positivt i den norske kraftnæringa, og dei har spennande planar og ambisjonar for åra som kjem. At dei ynskjer å ha meg med på laget er svært kjekt og eg gler meg til å ta fatt, seier Sande

Sparetips

Sats på fleire varmekjelder