Gjengedal fråtrer som konsernsjef

Terje Gjengedal har informert styret i Sogn og Fjordane Energi om at han ønskjer å fråtre stillinga som konsernsjef.

For litt over to år sidan tok Terje Gjengedal fatt i oppgåva som konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi. Han kom då frå leiande stillingar i Statnett og Statkraft, i tillegg til at han har arbeidd som professor ved NTNU og Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB). I perioden som konsernsjef har han vekependla frå familien sin bustad på Ås i Akershus.

No har Gjengedal bestemt seg for å slutte som konsernsjef, og har informert styret om si avgjersle. Gjengedal seier det ikkje er med lett hjarte han sluttar.

 Å gå frå stillinga som konsernsjef i SFE er nok den vanskelegaste avgjersla eg nokon gong har teke. Eg har fått leia ein svært kompetent og engasjert organisasjon, i eit viktig og framtidsretta energikonsern, og i eit fylke som betyr mykje for meg. Det er ei samla vurdering som no gjer at eg likevel har funne det rett å tre av. Eg har kona mi på Ås og sønene mine i Trøndelag, og har etter kvart fått barnebarn eg ønskjer meir tid til. Det blir mykje pendling, i tillegg til høg reiseaktivitet i rolla mi som konsernsjef. Det er heller ikkje heilt fritt for at ein kan kjenne det på kroppen, og då kan det vere rett å sleppe andre krefter til, seier Gjengedal.

Styreleiar Per Kjøllesdal seier at han tek oppseiinga frå Gjengedal til vitande, men peikar på at Gjengedal etter berre to år i konsernsjefstolen har utretta svært mykje.

 Han har nytt stor respekt internt for å vere synleg og tilgjengeleg for heile organisasjonen, han har bidrege til ei sterkare satsing på innovasjons- og utviklingsprosjekt, og han har vore oppteken av å byggje og styrke eksterne relasjonar. Eg tykkjer derfor det er synd at han vel å forlate stillinga, men har samstundes full respekt for avgjersla. Å vere konsernsjef i SFE er ei av dei tyngste og viktigaste næringslivsjobbane i fylket, og at Gjengedal vil prioritere meir tid på heimebane har eg stor respekt for, avsluttar Kjøllesdal.

Gjengedal fråtrer 1. mai. Frå det tidspunktet Gjengedal fråtrer og ny konsernsjef er på plass – truleg på hausten ein gong – vil nettdirektør Asgeir Aase vere konstituert i stillinga som konsernsjef.

Sparetips

Alternativ lysbruk