Grønt lys for datasenter i Lefdal Gruve

Tysdag 25. august vart det klart at ein set i gang med bygginga av datasenter i Lefdal Gruve, og at dette skal stå klart for kundar allereie hausten 2016.

Sogn og Fjordane Energi eig 16 prosent av Lefdal Mine Datacenter, og vi er sjølvsagt svært tilfredse med at både kapital, partnarar og kundar er på plass slik at prosjektet no blir realisert. Det planlagde datasenteret har eit potensial til å bli svært stort i internasjonal målestokk, det er svært konkurransedyktig, og det rettar seg mot ein marknad i sterk vekst.

Datasenteret vil representere eit betydeleg straumforbruk i eit område som i dag har produksjonsoverskot. I tillegg er det for oss gledeleg at prosjektet vil skape arbeidsplassar og verdiskaping i regionen. Vi gratulerer alle dei driftige og dedikerte personane som har arbeidd fram prosjektet med lanseringa!

Les meir om prosjektet og oppstarten på Lefdal Mine Datacenter sine websider.

Sparetips

Luft rett