Til topps på kundeservice

Sogn og Fjordane Energi sitt kundesenter vart kåra til det beste i kraftbransjen 1. kvartal 2017. Det er tredje gang på rad at kundesenteret vårt toppar denne kåringa, som er utført av Polarfakta blant 48 norske kraftselskap. Dette er Noregs mest omfattande undersøking av service i kraftbransjen, blir utført kvartalsvis og omfattar alle dei største kraftleverandørane.

– Vi har blitt målt kvartalsvis over fleire år, og har alltid lege høgt oppe. Det er motiverande og vi skal halde fram med å vere aller best på kundeservice, seier Hege Svalheim, leiar for SFE sitt kundesenter.

Kundesenteret blir oppringt av fleire personar som utgir seg for å vere potensielle kundar. Dei gir kundeservicen poeng for mellom anna svartid, produktkunnskap og kvalitet på kundehandsamar.  

Sjå rangeringa her

Kontakt Oss

  • Send e-post
  • Sentralbord: 57 88 47 00
  • Kundesenter straum: 57 88 47 47 Kundesenter nett: 57 88 48 50
  • Straumbrot: 57 88 48 00
Sparetips

Bruk tidsur