I mål med finansieringa av elkraftstudiet

Med 1,5 millionar kroner bidreg Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til sluttfinansieringa av det nye elkraftstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eit gledeleg og viktig engasjement, meiner energibransjen.

Denne hausten tok Høgskulen i Sogn og Fjordane i mot det andre kullet med elkraftstudentar i Førde. Det var nettselskapa til Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som saman tok initiativet til det nye studiet for tre år sidan. Saman med andre selskap frå el-bransjen, og eit betydeleg bidrag frå INU-fondet, har dei fått på plass om lag 11 millionar i ekstern kapital til oppstart av studiet og finansiering av eit elkraft-laboratorium.

Men fram til no har partane mangla dei siste 1,5 millionane til sluttfinansieringa av studiet. No har dei fått med seg Sparebanken Sogn og Fjordane på laget, og med det er den viktige siste biten i puslespelet på plass.

Viktig næring for fylket

Adm. dir. Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane er overtydd om at ei satsing på elkraftstudiet er viktig for fylket.

- Sogn og Fjordane har fantastiske energiressursar, og vi ønskjer å bidra til å styrke fundamentet for ein viktig del av næringslivet i fylket. Med elkraftstudiet tek vi eit sjumilssteg mot å vere sjølvforsynte på kompetanse til å ta energiressursane i bruk. Det er svært viktig at næringslivet engasjerer seg, og det er selskapa SFE og Sunnfjord Energi gode døme på, seier Andenæs.

Næringslivet i Sogn og Fjordane vil trenge minst 120 nye elkraftingeniørar dei neste 10 åra, i følgje utrekningar energibransjen har gjort. Studiet ved Høgskulen vil mellom anna skje på eit moderne laboratorium som skal sikre at studentane får bryne seg på ingeniørfaget i praksis, og stå best mogleg rusta for det som møter dei.

Breitt engasjement

Nettdirektør Asgeir Aase i SFE og nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi er svært glade for at finansiering av nok ei viktig høgskulesatsing for fylket er på plass.

- Det er fantastisk gledeleg at Sparebanken Sogn og Fjordane bidreg til fullfinansieringa av studiet. Den raske etableringa av elkraftstudiet syner kva ein kan få til med lokal kompetanse og lokal kapital, og breidda i aktørane som bidreg syner at etableringa er viktig, seier Aase og Midtbø.

Også fleire andre har delteke i spleiselaget for å få plass dei 12,5 millionane i ekstern kapital til studiet: INU-fondet, Sognekraft, Stryn Energi, Luster Energiverk, Østfold Energi, Elkem Bremanger, NELFO, BKK og E-CO.

På bildet: SFE og Sunnfjord Energi gler seg over at Sparebanken Sogn og Fjordane er med på elkraftsatsing ved Høgskulen. F.v. Adm. banksjef Arvid Andenæs frå Sparebanken Sogn og Fjordane, nettdirektør Asgeir Aase frå SFE og nettsjef Helge Robert Midtbø frå Sunnfjord Energi. (Foto: Arild Nybø).

Sparetips

Sats på fleire varmekjelder