Inviterer villfisken til elva

Torsdag 16. mars inviterte SFE til synfaring i Bortneelva i Bremanger for å syne miljøtiltak som har vore gjort for å betre dei naturlege oppvekst- og levevilkåra for laks og sjøaure.

Miljørådgjevar Vegard Fagerli har vore prosjektleiar i arbeidet.
- Bestanden av laks og aure er under press frå mange hald, og vi ønskjer å bidrege der vi kan for å betre levevilkåra for fisken, seier miljørådgjevaren i SFE.

Avhengig av gøymestadar
Prosjektet har vore gjennomfør i haust og vinter, og SFE har gjort ei rekkje tiltak for å lokke villfisk til elva.
– Vi har fjerna to vandringshinder i elva for å gje fisken tilgang på gyte- og oppvekstområde som før var vanskeleg tilgjengeleg. Vi har flytta stein med gravemaskin for å betre vandringsmoglegheiter for fisken. Vi har enkelte plassar flytta vasstraumen for å konsentrere vatnet, slik at det vert enklare for fisken å vandre opp i elva. Dette er ein måte å betre fisken sine levekår også når vassføringa er låg. Andre stadar har vi plassert større stein og klynger av stein for skape område der fisken kan skjule seg. Fisken er avhengig av slike gøymestadar for å trivast i elvane, forklarer Fagerli

Ser positivt på tiltaka
Svelgen Kraft nyttar om lag 7% av vatnet som naturleg renn ut i Bortneelva, til kraftproduksjon i kraftverket Svelgen 1, på andre sida av fjellet og miljøtiltaka er sett i verk for å redusere effekten dette har på fisken i Bortneelva. I følgje John Anton Gladsø, ekspert på fiskeforvaltning i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen, er ikkje ei regulering på berre sju prosent særleg dramatisk for denne elva, men han er godt nøgd med tiltaka som er gjort.
- Når ein no har fått laga litt betre forhold i elva så kan ein håpe på at det i framtida kan bli ein naturleg produksjon som ein på sikt kan hauste av.

Også elveigarlaget, som var med under synfaringa, er fornøgde.
- Elvegiarlaget ser positivt på det vi har fått til i lag i denne elva og håpar at vi no får sjå meir fisk i elva i tida som kjem, seier Edvard Hartvigsen, leiar for Bortnen Elveigarlag.

Eit samarbeidsprosjekt
Prosjektet med å betre levevilkåra for fisken i elva har vore gjort i samarbeid med Statens Vegvesen, Nordfjord Vassområde/Bremanger kommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si miljøvernavdeling. På synfaringa deltok Staffan Hjolhman (Vassområde Nordfjord,  Sogn og Fjordane Fylkeskommune), Bjørn Henry Martinussen (Bremanger kommune), Eyvin Sølsnes (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), Edvard Hartvigsen (Bortnen Elveeigarlag), Svein Arne Vågane (NVE) og Rune Nordal (En3prenør1).

 


Sparetips

Luft rett