Jobbe i SFE?

Som eit av dei store energiselskapa på Vestlandet har SFE mange utfordrande oppgåver. Våre 260 dyktige tilsette jobbar innan elektro, byggfag, maskin, IKT, miljø, automasjon, krafthandel, marknad, sal, HR, økonomi, finans og kommunikasjon med meir. Vi søkjer no etter følgjande medarbeidarar:

Trainee
SFE er traineebedrift i Sogn og Fjordane sitt fylkesdekkjande traineeprogram, Framtidsfylket Trainee. Vi har vore med  sidan oppstarten av traineeordninga og som eit av dei store energiselskapa på Vestlandet har SFE mange ut­fordrande oppgåver for deg med høgare utdanning.
 
Vi søkjer trainee med bachelor eller mastergrad som ønskjer å gjere ein innsats innan eit av våre fagmiljø. Som trainee hos SFE vert du ein ein del av eit mangfaldig og spennande fagmiljø. Våre 260 engasjerte medarbeidarar jobbar innan elektro-, bygg- og maskinfag, IKT, energi, miljø, automasjon, krafthandel, marknad, sal, HR, økonomi, finans og kommunikasjon med meir.
 
Vi vil at du skal spisse pennen og fortelje oss kvifor nettopp du skal bli vår nye trainee frå hausten 2014. Søk trainneestilling i SFE her.

Lærlingar energimontør
Ved montørbasane våre i Askvoll, Florø, Bremanger, Vågsøy, Stadlandet, Eid og Sandane, er vi ute etter lærlingar med gode haldningar, fagleg bakgrunn og engasjement for energimontørfaget. Er du lysten på ei spennande framtid med bygging og drift av SFE sine nettanlegg?
 
SFE er ei IA-bedrift med høg medarbeidartilfredsheit og eit sjukefråver på 3%. Vi er aktive i forhold til å inkludere fleire i arbeidslivet, og få eldre til å stå lenger i arbeid. Vi har konkurransedyktige løns- og arbeidsforhold og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
 
For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Roald Svarstad på tlf 971 49 961. Søk her.

Sommarvikarar
Hos SFE kan du ha sommarvikariat innan mange av dei ulike fagfelta våre. Vi oppmodar om at du sender oss ein søknad der du fortel oss kva kompetanse du har og kva du ønskjer å jobbe med. Kvart år er har vi kring 20 sommarvikarar i sving på konsernets forskjellige lokasjonar. Ein sommarjobb i SFE kan vere ei god erfaring å ha med seg vidare i studiane og kanskje kan det vere starten på ei framtidsretta karriere innan fornybar energi hos oss? Søknadsfrist er 31. mars 2014. Søk her.

Fornybar energi er framtida – og Sogn og Fjordane Energi si kjerneverksemd. Energibransjen er ein sterkt veksande bransje, både i fylket, nasjonalt og globalt.

Sparetips

Vask fulle maskiner