SFE kjøper Sværen Kraft

Sogn og Fjordane Energi (SFE) har inngått avtale om kjøp av Sværen Kraft i Balestrand. Sværen Kraft er eit mellomstort småkraftverk som produserer nær 10 GWh i årleg produksjon, og det kom i drift i 2010. SFE overtar kraftverket 1.12.2014 og skal leige fallrettane i 60 år.  

SFE er den 12. største kraftprodusenten i Noreg, og har ein produksjonsportefølje på 2.100 GWh fordelt på 20 kraftverk, eller tilsvarande straumforbruket i over 100 000 norske husstandar. Ola Lingaas, som er konserndirektør produksjon i SFE, er godt nøgd med kjøpet.

- Med kjøpet av Sværen Kraft får SFE tilgang til et relativt nytt og solid kraftverk, og med det aukar vi vasskraftproduksjon vår i Sogn og Fjordane ytterlegare, seier Lingaas.

Sværen Kraft er i dag eigd av seks grunneigarar frå Balestrand. Dei er nøgde med at kraftverket framleis blir eigd av lokale krefter.

- SFE er ein lokal og solid operasjonell og finansiell aktør. Vi ønskjer dei velkomen inn som eigar i Sværen kraft, og ser fram til eit langsiktig og godt forhold, seier grunneigarane i ein felles uttale.

Meklar i prosessen har vore Krafthuset Melbye AS. Juridiske rådgjevarar har vore DLA Piper for Sværen kraft og Wiersholm har bistått SFE.

Sparetips

Luft rett