Låge straumprisar i vente

Straumkunden har hatt glede av låge straumprisar så langt i år, og i følgje Sogn og Fjordane Energi er det heller ikkje grunn til å frykte dei store pristoppane i årstida som ventar.

Ikkje sidan 2000 har straumprisane i årets ni første månader vore så låg som den har vore i år. Men med tørt klima den seinare tida, ein liten auke i straumprisen i oktober, kombinert med temperaturar som stadig kryp nedover, er mange kanskje spente på korleis prisen vil utvikle seg utover hausten og vinteren. Kraftanalytikar Ole Marius Gloppestad i Sogn og Fjordane Energi meiner det ikkje er særleg grunn til uro. Prisane er venta å halde seg relativt låge – årstida teke i betraktning.

– Den nordiske kraftmarknaden estimerer til ein kvar tid prisane fram i tid. For perioden desember til februar forventar ein at prisen på kraftbørsen vil ligge på rundt 24-25 øre/kWh. Faktisk må vi heilt tilbake til 2000 for å finne tilsvarande prisutsikter for vintermånadane, seier Gloppestad.

Godt med vatn i magasina
Gloppestad peiker likevel på at dette er forventningar som tek utgangspunkt i normale nedbørsmengder utover hausten, og ein påfølgjande normalt kald vinter. Skulle det derimot bli unormalt tørt framover, og vi går i møte ein spesielt kald vinter, kan prisane ende på 35-40 øre/kWh. Dette vil uansett vere ein god del lågare enn det vi opplevde i vintrane 2010 og 2011.

Mykje av grunnen til prisutsiktene er mengda av vatn i kraftselskapa sine vassmagasin. – Vasstanden i kraftmagasina er jamt over veldig god over heile landet, og betre enn det som er normalt for denne perioden. Når dei norske kraftmagasina akkurat no er rundt 90% fulle, betyr det at dei inneheld kraft tilsvarande 65-70 prosent av det årlege kraftforbruket i Noreg, seier Gloppestad.

Fornybarrevolusjon reduserer prisane
Men Gloppestad peikar også på at kraftsituasjonen har endra seg både her heime og internasjonalt dei seinare åra. – Norden har auka sin produksjon av fornybar energi, og på kontinentet har vi nærast sett ein fornybarrevolusjon, spesielt i Tyskland. Her er det blitt investert særs mykje i sol- og vindkraft. Det har gjort at det er mykje meir kraft på marknaden. Jamt over er dette positivt for prisane sett frå straumkunden sin ståstad, seier han.

For meir informasjon:
Ole Marius Gloppestad, kraftanalytikar, 57 88 37 20 eller ole.marius.gloppestad@sfe.no
Kai Petter Sårheim, konserndirektør merkevare og kommunikasjon, 952 56 112 eller kai.petter.sarheim@sfe.no

Sparetips

Luft rett