Mild vinter gir låge spotprisar

Ein mild vinter har gitt fallande spotprisar dei to første månadane dette året. Pris-
utsiktene i midten av mars tilseier at vi skal ligge omtrent på dette prisnivået framover våren og sommaren.

Det er til dels store snømengder i Sør-Noreg i år, og innhaldet i vassmagasina er som normalt.  Det betyr at vêrutviklinga i smeltesesongen vil kunne gje store utslag i prisane framover våren.

Resten av Europa har også vore prega av ein mild vinter med lågt forbruk av straum. Vindmøllene på kontinentet har produsert store mengder straum, og dette har gjeve låge spotprisar i heile Europa.

Dei neste tre månadane er det venta ein spotpris (ekskl. mva.) på rundt 22 øre/kWh i Norden. Potensielt mykje snøsmelting  vil truleg gje enda lågare prisar i Sør-Noreg, og kanskje særleg på Vestlandet.

Sparetips

Vask fulle maskiner