Ny eigar av Vestavind Kraft

Svelgen Kraft Holding overtek Vestavind Kraft, som utviklar vindkraftprosjekt på Vestlandet.

Fram til no har Vestavind Kraft vore eigd av sju kraftselskap på Vestlandet (BKK, SFE, TAFJORD, Sognekraft, Sunnfjord Energi, SKL og Haugaland Kraft). No overtek Svelgen Kraft Holding, som er eigd av SFE Produksjon, Tafjord Kraftproduksjon og Sognekraft, heile eigarskapen i Vestavind Kraft.

Bakgrunnen for endringa i eigarskap er at fleire av dei tidlegare eigarane ønskjer å konsentrere seg om vasskraftprosjekta som kjerneaktivitet og at Vestavind Kraft sin vindkraftportefølje ligg i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

«Vestavind Kraft har fleire gode vindkraftprosjekt under utvikling i nærleiken av Svelgen Kraft si verksemd, og vi ser moglegheiter for verdiskaping ved å kjøpe opp Vestavind Kraft», seier Ola Lingaas som er styreleiar i Svelgen Kraft Holding og leiar for styret i Vestavind Kraft.

Svelgen Kraft Holding ønskjer no å vidareutvikle porteføljen til større modnad for å kunne få realisert prosjekta i samarbeid med eksterne investorar.

«Vestavind Kraft har ein prosjektportefølje på om lag 200 MW, og dette er gode prosjekt når ein ser på vindressursar og infrastruktur. Dei fleste prosjekta er under konsesjonshandsaming og det tek tid å få fram investeringsklare vindkraftprosjekt», seier Lingaas.

Vestavind Kraft har fem fast tilsette. Både Vestavind Kraft og Svelgen Kraft Holding er lokalisert på Sandane.

Kontaktperson:

Ola Lingaas, styreleiar i Svelgen Kraft Holding: 917 45 790

Sparetips

Skru heilt av eletriske apparat