Nye automatiske straummålarar - SFEno

Nye automatiske straummålarar

Straumnettet skal moderniserast og innan 1. januar 2019 skal alle straumkundar ha automatiske straummålarar, det har myndigheitene gjennom Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) bestemt.SFE Nett er godt i gang med installasjonen hos kundane sine.

Dei nye målarane kommuniserer direkte med nettselskapet og opnar for mange nye fordelar for både straumkunden, nettselskapet og for samfunnet. 

Smart for kunden:
 
• Du slepp å lese av straumen – det skjer automatisk 
• Målaren varslar straumbrot direkte til oss – feil kan rettast raskare 
• Du kan kople den nye målaren opp mot intelligente styringssystem

Intelligente styringssystem kan gi både auka komfort og  høve til å spare pengar. Nettselskapa leverer ikkje slike løysingar, det må du som forbrukar kjøpe sjølv frå andre aktørar. Systema kan gje deg endå betre innsikt i straumbruken eller høve til å styre straumbruken i heimen på heilt nye måtar, til dømes etter pris.                 

Smart for straumnettet og klimaet
Å byte til automatiske straummålarar er ei viktig og nødvendig modernisering av straumnettet fordi vi må møte framtidas aukande straumbruk. For samfunnet og nettselskapa vil forsyningstryggleiken bli betre etter installasjon av dei nye målarane. Smarte straumnett og endra forbruksmønster vil endre belastninga i nettet. Med automatiske straummålarar vil nettselskapet få betre oversikt over kvar belastninga i nettet er størst, og dermed betre innsikt i behovet for oppgraderingar. Dette vil på sikt bidra til å redusere behovet for å byggje ut straumnettet og med det mindre kostnadar for både nettselskap og kundane. Ein veit også frå fleire studiar at betre oversikt over straumbruken fører til meir effektiv energibruk, som vil vere positivt for klimaet vårt.

Om målaren
SFE Nett monterer målarar av typen Kaifa, frå teknologileverandøren NURI. Vi er med i det største AMS-samarbeidet (SORIA-samarbeidet) i Noreg, som består av 27 nettselskap. Det betyr at det er eit breitt fagmiljø mellom anna bak val av målar og kommunikasjonsløysing. Det er selskapet Eltel som skal montere dei aller fleste målarane hos kundane til SFE Nett.

Alle SFE sine kundar skal byte målar, også dei som har automatisk målar frå før.


Når får eg ny målar?

Spørsmål og svar om automatiske straummålarar

Sparetips

Bruk tidsur