SFE + Ungt Entreprenørskap i tre nye år

I fleire år har SFE hatt eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane, og i januar forlenga vi samarbeidet for tre nye år. Ungt Entreprenørskap er ein idéell organisasjon som arbeider for å styrke entreprenørskapsopplæring i heile utdanningsløpet. Dette gjennom å tilby ei rekke program til grunnskule, vidaregåande skule og høgskule.

I tillegg til å gje organisasjonen ein fast støttesum årleg, bidreg SFE på ei rekkje av Ungt Entreprenørskap sine "gründercampar" i både grunnskulen og den vidaregåande skulen. Dette har vore arrangement der energi har vore på dagsorden, og der elevane gjennom ein eller fleire skuledagar arbeider med oppgåver som tek for seg moglegheiter og utfordringar innan energiområdet - godt hjelpt av fagfolk frå SFE.

– Vi opplever at det kan vere utfordrande å rekruttere nødvendig realfagleg kompetanse, og det er viktig at skular og næringsliv har eit tett samarbeid for å saman kunne auke interessa for realfag. Ungt Entreprenørskap legg godt til rette for eit slikt samspel, seier Kai Petter Sårheim, kommunikasjonsdirektør i SFE.

PS: Biletet øverst i artikkelen syner ei av gruppene i sving på ENOVA gründercamp som vart gjennomført hos SFE på Sandane hausten 2013.

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Sats på fleire varmekjelder