Ny konsernsjef på plass

03.01.13


Terje Gjengedal har no teke fatt i oppgåva som konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi. Gjengedal kjem frå ei stilling som spesialrådgjevar og senior vice president i Statnett si strategieining. Tidlegare har han arbeidd 13 år i Statkraft, med både kraftnett, krafthandel og prosjektutvikling innan vind- og vasskraft. Gjengedal etterfølgjer Ole Schanke Eikum, som er ny leiar for Innovasjon Noreg i Indonesia.

Gjengedal har doktorgrad elkraftteknikk frå NTH (NTNU), og har dei siste åra også arbeidd  som professor innan elkraft og fornybar energi ved NTNU og Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB). Han har i tillegg hatt mange nasjonale og internasjonale verv i energibransjen. 

Dette sa styreleiar Per Atle Kjøllesdal ved tilsettinga av Terje hausten 2012:

- Terje har ein imponerande CV, med framifrå kompetanse innan både produksjon, nett og krafthandel. Han har såleis ei fagleg breidde i sin kompetanse som ein svært sjeldan ser. Men det har vore like avgjerande for valet at han har ein personlegdom og leiarstil som eg trur vil gje organisasjonen god drivkraft, og som kan bidra til å vidareutvikle relasjonane til SFE si omverd, seier styreleiar Per Atle Kjøllesdal i SFE.
 
Gjengedal er 54 år, er gift og har fire born. Han er fødd og oppvaksen i Gloppen, men flytta ut etter vidaregåande skule. Han er no glad for å ta fatt på nye utfordringar i heimfylket.
 
- SFE har hatt ein spennande utvikling dei siste åra, og har verkeleg sett seg på kartet også i nasjonal målestokk. Dei neste 10 åra blir spesielt viktige med mange store prosjekt innan både nettutvikling og kraftutbygging. No gler eg meg til å møte mine nye kollegaer, og bli ein del av det sterke faglege kraftmiljøet i fylket, seier Gjengedal.

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Vask fulle maskiner