Olje- og energiministeren vitja SFE

Mandag 4. mai vitja olje- og energiminister Tord Lien vårt hovudkontor på Sandane, der han møtte SFE, Sognekraft og Sunnfjord Energi, som saman løfta fram aktuelle og viktige problemstillingar for kraftnæringa i fornybarfylket Sogn og Fjordane.

Eitt av dei sentrale tema for møtet var handtering av den store og urettmessige skilnaden i nettleige mellom område som Sogn og Fjordane, med sterk auke i fornybar kraftproduksjon og behov for mykje nytt nett, og meir sentrale og folketette områder andre stadar i landet.

På turen frå Sandane til Florø og opning av Knarr-feltet, tok ministeren med følgje turen innom eitt av SFE sine kraftverk, Skogheim i Hyen i Gloppen. Her fekk ministeren omvisning, og drøfte aktuelle tema både med produksjonsleiing i SFE og lokale, private kraftverkseigarar.

Sparetips

Alternativ lysbruk