Orientering om flaumsituasjonen i SFE sine vassdragsanlegg

Status 28.10 kl 16:00:

Grunna store nedbørsmengder er det no flaum i fleire vassdrag knytt til SFE sine kraftverk. I fleire av vassdraga registrerer vi aukande vassføring og vasstand i magasin.

I Breimsvassdraget er vasstanden no 1,6 meter over høgste regulerte vasstand. Det er forventa at vasstanden vil stige noko utover kvelden.

I Osenvassdraget et det høg vasstand i Eimhjellevatnet. Her er det også stigande trend.

I Vetlefjordvassdraget er det overløp frå Nedre Svartevassvatn og Jordalsvatnet. Det er ikkje registrert skadeflaum.

I Åskåravassdraget er det overløp både frå Store Åskårsvatn og i Sødalen. Det er ikkje registrert skadeflaum.

Situasjonen vert kontinuerleg overvåka frå vår driftssentral på Sandane og rapportert i samsvar med våre beredskapsrutiner.

Sparetips

Luft rett