Program for Kraft i Vest 24.-25. september

For tredje år på rad har vi gleda av å presentere energikonferansen Kraft i Vest i Trivselshagen på Sandane 24.-25. september 2015. Konferansen er ein arena der næringsliv, folkevalde, myndigheiter, utdanningsinstitusjonar og andre møtast for å lære om og diskutere dei mest aktuelle tema innan energifeltet.

På årets Kraft i Vest ser vi inn i glaskula for å lære om kraftnæringa i det grøne skiftet; kven er vinnarane og kva krevjast av kompetanse mot ei grønare framtid? Vi ser også på eigarskap til kraftselskapa framover; vil kommunane framleis vere eigarar av kraftselskap om 20 år? Vi ser på vidare nettutvikling på Vestlandet, og kva dette har å seie for verdiskapinga. Vi tek for oss småkraftnæring og lokal verdiskaping. Og vi ser på korleis ny teknologi og smarte løysingar kan vere ein avgjerande strategisk nøkkel for kraftnæringa i ei ny tid.

Sjå programmet her.

Meld deg på her.

Kraft i Vest vert arrangert i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Konferansen skjer samstundes som Sogn og Fjordane si lokale matmesse Matamål på Sandane, og vi byr på kortreiste delikatesser både til lunsj og middag.

Eg ønskjer deg velkomen til Sandane og Kraft i Vest der du vil få både faglege og kulinariske opplevingar!

Venleg helsing

Johannes Rauboti
konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi

Her kan du høyre kva nokre av tidlegare deltakarar tykte om Kraft i Vest.

Å finne fram til Trivselshagen og Gloppen Hotell.

NB! Gloppen Hotell er fullbooka. Ta kontakt med Gloppen Camping for overnatting (telefon 57 86 62 14). Det vert ordna med transport mellom Gloppen Camping og konferansen på Gloppen Hotell. Frukost vert severt på Gloppen Hotell.



Sparetips

Skru heilt av eletriske apparat