Rapport frå utgreiing av felles produksjonsselskap

BKK og Sogn og Fjordane Fylkeskommune vart tidlegare i år samde om å greie ut moglegheitene for eit tettare samarbeid mellom produksjonsverksemdene i SFE og BKK. Bakgrunnen er Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt ynskje om å få fram ulike alternativ for å sikre at verdiane i SFE skal bli verande i Sogn og Fjordane ved ei eventuell fylkessamanslåing og BKK sine strategiske målsetnader knytt til ei sterkare konsolidering på Vestlandet.

I ettertid har også Hydro kome med i prosessen, og vurderer å vere med i eit eventuelt framtidig felles vasskraftselskap med kraftverka i Røldal-Suldal Kraftverk.

No er sluttrapporten frå første del av utgreiing av felles produksjonsselskap klar, og kan lastast ned her. Du kan også laste ned pressemeldinga som vart distribuert 15. august 2017. 

Sluttrapport utgreiing av felles produksjonsselskap

Pressemelding om sluttrapport, 15.08.2017

Sparetips

Sats på fleire varmekjelder