Grønt lys til vindkraft på Stad

Vestavind Kraft får konsesjon for Okla vindkraftverk.

Olje- og energidepartementet (OED) har stadfesta konsesjonsvedtaket som NVE ga i desember 2013. Fylkesmannen si motsegn endra dermed ikkje det opphavlege vedtaket. Vestavind Kraft har difor løyve til å bygge inntil ni vindturbinar på eit høgdedrag nord-aust på Stadlandet. Berekna energiproduksjon er ca 65 millionar kWh, som tilsvarer straumforbruket for ca 3150 husstandar.

- Vi er svært tilfreds med at Regjeringa har sagt ja til Okla, fortel Stig Svalheim som er administrerande direktør i Vestavind Kraft AS. No må vi sjå nærare på detaljutforminga av anlegget, og få med investorar som vil finansiere utbygging av kraftverket, opplyser Svalheim vidare.

Vindtilhøva er målt over fleire år og stadfestar at det ligg særs godt til rette for vindkraft på denne lokaliteten:

- Vi høyrer stadig på vêrmeldingane om storm ved Stad, og denne vinden har vi no fått løyve til å gjere nytte av, fortel Svalheim. Han meiner Okla er eit av landets beste vindkraftprosjekt, og at anlegget absolutt bør vere realistisk å få bygd ut innanfor el-sertifikatordninga som gjeld til 2020.

Planane om eit vindkraftverk på Okla vart lanserte allereie i 2004, og søknad om konsesjon vart sendt i 2007. Elleve år seinare er altså endeleg konsesjon på plass. Heile vegen har både grunneigarane og Selje kommune vore entusiastisk for å få fram prosjektet, og ordførar Ottar Nygård i Selje kommune er også tilfreds med vedtaket:

- Det er ei gladmelding for oss i Selje kommune at Okla får konsesjon. Planane inneber investeringar på over 200 mill kr, og ringverknadene frå utbygging og drift av anlegget er av stor verdi for kommunen.

Vestavind Kraft AS er eigd av Svelgen Kraft Holding AS, som igjen er eigd av SFE Produksjon AS, Tafjord  Kraftproduksjon AS og Sognekraft AS.

Kontaktperson: Stig Svalheim, administrerande direktør i Vestavind Kraft AS, mob. 40437494.

Sparetips

Alternativ lysbruk