Største AMS samarbeidet i Norge

I alt 11 nettselskap på Vestlandet, Trøndelag og Nord-Norge, med totalt ca. 700.000 nettkundar, skal samarbeide om innføring av smart straum (AMS). Med dette vert det største norske samarbeidet innan innkjøp, montasje og drift av nye automatiske straummålarar ein realitet.
 
Nettselskapa SFE Nett, Sognekraft, Sunnfjord Energi, BKK Nett, Haugaland Kraft, Helgeland Kraft, Nordlandsnett, NTE Nett, SKL Nett, TrønderEnergi Nett og Varanger KraftNett har nyleg underteikna ei samarbeidsavtale om felles innføring og drift av AMS. I tillegg til desse 11 er ytterligare 14 nettselskap knytt til samarbeidet. Totalt har selskapa bak alliansen om lag 700 000 nettkundar.
 
- Det er liten tvil om at dette er og blir eit utfordrande prosjekt, men med god tilgang på ressursar og unik kompetanse frå selskapa er eg sikker på at dette samarbeidsprosjektet vil lykkast. Gjennom denne nye alliansen av nettselskap viser vi både vilje og evne til samarbeid som i fleire sammenhengar vert trekt fram som suksessfaktor for framtidig drift av straumnettet, seier Hans Terje Ylvisåker, programsjef i smart straum i Vestlandsalliansen (SiV). Han har sidan 2013 vore leiar av AMS-samarbeidet i Vestlandsalliansen. Ylvisåker vil halde fram som programsjef i det utvida samarbeidet.
 
Det felleseide driftsselskapet Validér skal forvalte og drifte sentralsystemet for innsamling og handsaming av alle måledata frå dei nye automatiske straummålarane som dei 25 samarbeidande nettselskapa skal ha installert hos kundane sine innan 1.1. 2019.

Ein ventar at samarbeidet vil gje betydelege gevinstar i reduserte investeringskostnadar og ikkje minst reduserte årlege driftskostnadar.
 
- Etablering av eit sjølvstendig driftsselskap og måten selskapa i Vestlandsalliansen har samarbeida på gjorde det naturleg for TrønderEnergi Nett å utgreie muligheita for å ta del i samarbeidet. Vi ser tydelege skalafordelar ved å gå saman om felles innføring og drift, seier Bård Olav Uthus, administrerande direktør i TrønderEnergi Nett.

Sparetips

Vask fulle maskiner