SFE i topp på kundeservice!

Av heile 48 straumselskap, hamna SFE på ein 2. plass i Noregs mest omfattande kundeundersøking av kraftbransjen!

Det er Polarfakta som gjennomfører undersøkinga, dette vert gjort fire gonger i året, og inkluderer mellom anna selskap som NorgesEnergi, Fjordkraft, Fortum og Hafslund. Vi vert målt på utvalde kriterier som svartid på telefon, språk/høflegheit, servicevilje, produktkunnskap, kva råd vi gir kundane våre m.m. Av 50 moglege poeng, dro SFE i hamn heile 46,2 poeng. Gjennomsnittleg poengsum for alle selskapa var 36,7.

Leiar på kundesenteret til SFE, Hege Svalheim, er svært nøgd med resultatet. "Vi har arbeidd jamnt for å bli best på kundeservice, og det er kjekt å sjå at det gir resultat. Dei siste åra har vi vore blant dei fem beste, det var derfor ekstra artig at vi no klarte ein andreplass, seier ho."

Sparetips

Skru heilt av eletriske apparat