SFE lanserer samarbeid med Plan Norge

04.09.13

Sogn og Fjordane Energi (SFE) har inngått samarbeid med Plan Norge om å bidra til finansiering av vassbrønnar i Sierra Leone. Prosjektet strekker seg over 5 år, og vil gje omlag 15 000 fleire menneske tilgang på reint vatn i eitt av verdas fattigaste land.

- Vasskrafta utgjer mykje av SFE-konsernet si verdiskaping. Kraft frå reint vatn har vore ein bærebjelke for utviklinga av våre samfunn her heime. Samstundes manglar store delar av verdas befolkning reint drikkevatn. Det kjennes derfor både relevant og meiningsfullt å bidra på dette prosjektet, seier kraftdirektør Bjarne Dybvik i SFE. 

Saman lanserer SFE og Plan eit nytt straumprodukt, som heiter "SFE - ein god plan", der 20 kroner månadleg per kunde vil gå til Plan Norge sitt vasskraftprosjekt i Sierra Leone. Dette er eit produkt som skal marknadsførast på den nasjonale marknaden.

Så vidt vi veit er dette første gong folk får moglegheit til å bidra humanitært gjennom straumrekninga. Alle treng og forventar at straumen kjem fram, men det er likevel eit sokalla lav-interesseprodukt. Vi trur og håpar at samarbeidet og produktet vil skape ein ny interesse for dei som ønskje noko meir frå kraftleverandøren sin utan at det nødvendigvis vert dyrare, seier marknadssjef Christin Aare Vabø i SFE.

- Vi er utruleg glade for å ha med SFE på dette viktige prosjektet for oss. I Sierra Leone manglar halvparten av befolkninga tilgang på reint vatn. Dette er ein sentral årsak til fleire av dei sosiale- og helsemessige utfordringane befolkninga lir under, seier Helen Bjørnøy, generalsekretær i Plan Norge.

SFE har også inngått samarbeid med ein kjend norsk idrettsutøvar som skal vere ambassadør for samarbeidet; tidlegare basehoppar Karina Hollekim.

Karina har sterk tilknyting til Sogn og Fjordane, som ein av sine favoritt boltreplassar for friluftsinteresser. I 2006 fekk ho livet i gåve når eit basehopp gjekk gale. Ho var nær ved å miste livet, men slapp unna med 21 beinbrudd. Legane sa ho aldri kunne gå igjen. Etter tre år hadde ho likevel, mot alle odds, trena seg opp igjen til å stå på ski. Karina fekk ein ny sjanse, og er glad for å kunne vere med å fronte eit prosjekt som også skal gi svært mange born og unge i Sierra Leone ein ny sjanse i livet.

For meir informasjon kan du kontakte:

Konsernsjef Sogn og Fjordane Energi, 91178799 terje.gjengedal@sfe.no
Direktør
SFE Kraft Bjarne Dybvik, 90522436 bjarne.dybvik@sfe.no
Marknadssjef
Christin Aare Vabø, 97983962 christin.vabo@sfe.no
Leder
næringsliv Plan Norge Ragnhild Øien Toyomasu, 90133943 ragnhild.toyomasu@plan-norge.no

Bli Kunde

Sparetips

Luft rett