SFE lanserer smart hus-løysing

I desse dagar lanserer vi vårt nye Smart hus-produkt.

– Produktet blir lansert under namnet Flikk, og skal gi auka tryggleik, komfort og energisparing. No gler vi oss til å sjå responsen frå marknaden, seier marknadssjef i SFE Kraft, Christin Aare Vabø.

Enkelt å montere
Flikk er eit app-basert system for avansert styring av temperatur, lys og energibruk. Innan få veker vil Flikk i tillegg ha med seg automatiske dørlåsar, innbrots- og brannvarsling med kopling til døgnbemanna vaktsentral. 

– Mange tenkjer at smarthus ikkje er for dei, men vi trur denne type løysingar etter kvart vil bli allemannseige. Ein kan enkelt og rimeleg montere i gamle som nye hus, hytte eller leilegheiter og dei fleste vil klare å setje det opp sjølv, seier Vabø.

Breitt teknologisk samarbeid
Med på laget er teknologi- og sikkerhetsleverandøren Safe4 Security Group, som blant anna leverer Flikks gateway, eller hjertet i smarthus-løysinga. Appen er laga i samarbeid med utviklermiljøet Rocketfarm. Kompetansen frå energibransjen er teke med inn i produktutviklinga, og denne blir endå viktigare framover, trur Vabø.

Meir i vente
Tidlegare i år presenterte Flikk konseptet saman med Safe4 Security Group på Mobile World Congress i Barcelona, og fekk flere gode tilbakemeldingar på konseptet. No ser Vabø fram til å få produktet ut på marknaden og halde fram med produktutvikling.

– Det vi lanserer no er bare starten. Det er bare fantasien som set grenser for kva eit produkt som Flikk kan omfatte av ting som gjer heimen smartare, tryggare og meir komfortabelt. Vi har førebels jobba ut ei liste på nesten 200 konkrete brukarsituasjonar vi ønskjer å gjere betre eller enklare med Flikk. Vi jobbar med fleire samtidig, og kjem til å lansere nye komponentar og funksjonar etter kvart, sier Vabø.

Vil du vite meir om Flikk? Sjå her.

Sparetips

Bruk tidsur